Operaeventyret er tilbake, og onsdag er det duka for urpremieren av Sildagapet i Operahuset Nordfjord. Her vert sildefisket på norskekysten skildra med fest, intrigar og folkeliv.

Opera Nordfjord er inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. Arbeidet til Opera Nordfjord er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår, sminke og servering. Mange har i mange månadar jobba for at Sildagapet no kan setjast opp.

Opera Nordfjord har siste åra slite med å fylle alle seter i operasalen. I 2012 var første gang operaen opplevde at dei ikkje hadde fulle hus på alle førestillingar.

Operasjefen har frykta ein nedgangstrend. Dei ønskjer seg sjølvsagt fulle hus. Med kjennskap til lokalhistoria om sildefiske er det sjanse for at fleire vil få med seg årets førestilling. I år ser det lysare ut – på premieren onsdag er det få ledige seter ledig.

Operaen har auka konkurranse, og folk har siste åra valt dei vekk sjølv om arrangementet er gjennomført med lokale aktørar heilt frå grunnen av.

Det er framleis mange eidarar som aldri har gått på opera på Nordfjordeid, samtidig har distriktsoperaen vår vore med å vekke interessa for opera hos mange.

Publikummet for operaen har ein høg snittalder. Majoriteten er over førti år, dei fleste endå eldre. Opera Nordfjord har siste åra tatt konsekvensen, og har redusert tal forestilligar i høve kva ein hadde før. Vi har trua på at operaen må satse på dei lokale innbyggjarane i Nordfjord og nærområdet for å få opp publikumstalet igjen. Operaen er vår.

Operaparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich vekte appetitten for finkultur i fjordane. Ei stor takk skal også dugnadsfolket ha, som lagar magiske augneblink år etter år.

Over 13.000 dugnadstimar vert lagt ned, der profesjonelle og amatørar står saman på operascena.