–Men vi skal ikkje akkurat arbeide med slik vanleg sild. Det er meir fuskesild kan du seie, opplyser barna i Sildagapet som i morgon  er klare for å tre inn i sildeeventyret i Operahuset Nordfjord. Eit eventyr som dei har øvd på sidan i vår, og no har dei fleire songar som dei skal framføre. Der dei også skal bevege seg rundt på bryggja, og gjere nokre stunt med både litt garn og litt sild.

–Det er kjekt at vi kan vere litt til nytte. Det var slik som det var før i tida då barna også måtte hjelpe til når det kom mykje sild inn med båtane, seier dei vidare og opplyser at den største utfordringa kan bli mykje ullklede.

–Vi har på oss klede som vi ikkje er van med til dagleg. Det er mykje ull som er både varmt og klør en god del. Men det blir kjekt når folk kjem for å sjå på oss, og vi gler oss veldig mykje til å vise fram kva vi har øvd på, seier dei i barnekoret som også opplyser at årets opera er ganske morosam.

–Det er litt krangling og tøysing og det er ganske artig å sjå på.

Og ein av dei som skal vere med på denne kranglinga er Kasper Nes Larsen. Han skal ha rolla som Håkon som barn. Håkon er ven med Guttorm, men så kranglar dei ein del også.

–Det er slik at Håkon er ganske rik som barn. Men så tener Guttorm mange pengar og så er det han som blir rik. Men på slutten er det likevel Håkon som har mest pengar, fortel Kasper Nes Larsen som skal spele mot Iver Flyum Bjørlo, som har rolla som Guttorm.