Denne veka starta Opera Nordfjord med øvingane i Operahuset Nordfjord. Det skrå bryggjegolvet er på plass, og kulissane tek form. Det same gjer songen og musikken, med operakor, barnekor og solistar.

Vanlegvis set operaen opp stykker der komponisten levde for rundt hundre år sidan. Denne gongen er både komponist og librettist høgst levande, og tysdag denne veka gjekk dei rundt mellom sildekasser, operakor, regissør og musikalsk leiar i Operahuset Nordfjord.

–No er det opp til dei flinke folka her på Opera Nordfjord å forme dette vidare. Vi har levert i frå oss både tekst og musikk, og vi veit at dette får den beste behandling vidare, seier stryningen Helge Sunde (komponist) og sogningen Jostein Avdem Fretland (librettist) som begge gler seg til premieren og synest slett ikkje det er skummelt at andre skal føre dette fram til scena.

Det var Avdem Fretland som var først ute med å skrive teksten til Sildagapet. Han starta allereie sommaren 2015 med å gjere research i Måløy. Der sildeeventyret fann stad på 1950-talet, og som operaen Sildagapet handlar om.

–Eg var med rundt på tur saman med ein lokal historikar, Terje Sølvberg. Han fortalde om korleis det var i Måløy under det store sildeeventyret, og viste meg rundt til mange stadar som var viktige i den tida. Så har eg snakka med mange eldre folk som sjølv opplevde denne tida. Det kjekke var at dei gjerne ville fortelje om korleis det var, seier Avdem Fretland som også har sett innover fjorden når denne historia skulle bli levande igjen.

Han har snakka med folk både frå Gloppen og andre stadar i indre Nordfjord for å danne seg eit bilde av sildefisket.

–Dette var ei oppblomstring og eit eventyr for heile Nordfjord. Folk kom frå mange plassar inne frå fjorden for å skaffe seg utkomme av dette havets sølv, og ta del i det folkelivet og den festen som det også var. Det var optimisme, leik og moro, men sjølvsagt også hardt arbeid, seier Avdem Fretland som tidleg bestemte seg for å skrive teksten på rim. Noko som  gjorde arbeidet til komponist Helge Sunde lettare.

–Det var ein draum for meg å overta teksten frå Avdem Fretland. I tillegg til å vere forfattar er han også komponist. Det betyr at han har øyre for musikken i språket, og at teksten er lett å setje tonar til, seier Helge Sunde som til liks med Avdem Fretland brukte om lag eit år for å få ferdig operaen.

–Det betyr ikkje at eg sat bøygd over notane kvar dag, eg har også andre gjeremål og oppgåver sjølvsagt. Og så er det mykje som skal på plass når ein skal skrive ein fullskala opera, det er ikkje snakk om å skrive berre nokre enkle notelinjer. Men det har vore ein spennande prosess, og eg har henta inspirasjon frå både folkemusikk og populærmusikk i den tida, seier Sunde som no er godt nøgd etter å ha høyrt litt på korleis dette blir på scena.

–Det er flinke folk som jobbar med dette no. Alt frå regissør og musikalsk leiar, til scenograf og koreograf, og alle som er på scena, seier Helge Sunde og får støtte frå Jostein Avdem Fretland.