Idéen kom frå tre kvinner som er med i styret for Opera Nordfjord, Eli-Karin Bergheim, Ragni Marie Strand Rasmussen og Randi Nyhammer-Taklo. Tidlegare har dei støtta opp om Opera Nordfjord på ulike måtar. I år har dei fått idéen om å lage ein strikkepakke for lue, vottar og sjal. Slik at mange opera-elskarar og andre kan strikke seg varme med motiv frå årets opera, Sildagapet. Ein opera som omhandlar sildefisket i Måløy på 1950-talet. Eit fiske som sette den vesle staden på hovudet, og trekte til seg arbeidskraft, kapital, liv og moro. Og under vintersildefisket var det viktig å ikkje fryse på hendene, eller hovudet. Ull var tingen for dei som skulle vere mange dagar på sjøen. Og ekte norsk ull er også innhaldet i strikkepakken som no blir lansert.

Sildestim

Magni Hjertenes Flyum har teikna mønsteret til strikkeplagga, og strikka eit prøveeksemplar. Ho er ein ivrig strikkar og har tidlegare gjeve ut bøker om strikking. Når det gjeld sildemønsteret har ho teke utgangspunkt i ein sildestim.

–Det skal illustrere mange sild i ein stim, men sjølvsagt stilisert. Målet er å gjere det enkelt og strikke, slik at det kan bli ei utfordring som passar for mange, seier Hjertenes Flyum som sjølv er oppvaksen i kystbyen Måløy, og slett ikkje ukjend med den blanke silda. Ho har til og med studert sild då ho tok hovudfagsoppgåve under studia i biologi. Ved dette mønsteret har ho likevel ikkje gått så detaljert inn i silda sin anatomi, men har vore meir oppteken av eit harmonisk mønster med fleire ulike blåfargar, grått og sølv. Strikkepakken blei lansert under ein strikkepub i Bankjellaren på Nordfjordei i går. Der fekk dei frammøtte både sjå dei ferdige plagga og høve til å kaste seg over strikkinga sjølve. No håpar dei tre opera-kvinnene på å sjå mange sildevottar og luer i Nordfjord i vekene som kjem. Premieren på Sildagapet er onsdag 4. oktober. Det betyr at ein har knapt tre veker på seg til å få sildeplagga ferdige. Garnet i pakken er rein norsk ull, og innehavar av Eid miljø, som sel strikkepakkane, Ragni Marie Strand Rasmussen, seier at det er den beste ulla. Ho garanterer både varme fingrar, og at plagga blir betre for kvar vask.

Ull og sild var levevegen på kysten for nokre tiår sidan. No vil desse tre skape blest kring sildeoperaen ved å lansere strikkepakkar. Frå venstre Eli Karin Bergheim, Ragni Marie Strand og Randi Nyhammer-Taklo.
Vel seksti år etter høgdepunktet for sildefisket blir silda i fokus på scena til Opera Nordfjord. I haust vil ein også sjå kreative ringverknader i gatemiljøet på Nordfjordeid.