–Eg kom frå Nordsjøen, og helikoteret var forseinka, så dette var på hogg og belegg at vi rakk fram før vallokalet stengde, sa Kjell B. Sørland som kunne registrere at han og kona var dei to siste som røysta ved stortingsvalet i Eid kommune.

–Sjølv om vi var seint ute så var det tro viktige røyster, sa Torild B. Sørland.

Frå sjukehus til vallokale

Fem minutt før klokka 20:00 var det ei dame innom vallokalet. Ho hadde blitt skriven ut frå Nordfjord sjukehus berre minuttar tidlegare, men røyste skulle ho. Med andre ord – rett frå sjukesenga og til stemmelokalet – det står det respekt av.

Mange førehandsrøyster

Siste frist for å førehandsrøyste var fredag 8., september. I år var det 1138 som førehandsrøysta. Dette er meir enn 300 fleire førhandsrøyster enn ved Stortingvalet i 2013.

Like før vallokalet kunne valfunksjonærane fortelje om godt frammøte. Nokon hevda at det var betre enn sist val, då frammøteprosenten i Eid var på 78,3 prosent.