Den første fylkesprognosen for Sogn og Fjordane viser at Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Høgre  får eitt distriktsmandat kvar frå Sogn og Fjordane, om prognosen skulle bli valresultat.

Sveinung Rotevatn og Venstre, som fekk utjamningsmandatet ved valet i 2013, blir ikkje representert på Stortinget, om valresultatet blir lik prognosen. Den plassen er det, følgje den første prognosen Vibeke Johnsen og Sosialistisk Venstreparti som tek.

I følgje den første landsprognosen ligg det an til fire nye år i regjeringskontora for Høgre og Erna Solberg.

PartiVal 2017Val 2013Endring %
Ap25,828,1-2,3
Frp9,810,8-1,0
Høgre17,819,0-1,2
KrF4,38,1-3,9
Raudt1,40,6+0,8
Sp29,720,69,1
SV4,33,40,9
Venstre3,96,3-2,5
PP0,0
Kristne0,8
MDG2,21,7+0,5
Andre0,80,5+0,3

Tabellen viser den første prognosen for Sogn og Fjordane.