Beintøff september for 30.000 elevar

Denne veka startar gå til skulen-kampanjen Beintøft.
Nyhende

Medan politikarane driv valkamp og diskuterer korleis vi kan ta betre vare på miljø og klima, tar 30.000 elevar saka i eigne hender. Blant desse er elevar frå Haugen skule og Hjelle skule i Eid. Dei andre frå Sogn og Fjordane som deltar er Leikanger skule, Kolset Oppvekst (Bremanger), Sandane skule og Raudeberg skule.

Gjennom å engasjere barneskuleelevar i å gå, sykle eller reise kollektivt til skulen ønskjer Miljøagentane å bidra til at vi får mindre lokal luftforureining der vi bur, og til å kutte CO2-utslepp skapt av biltrafikk. Det oppstår færre trafikkfarlege situasjonar når færre køyrer barna sine til skulen, og barna blir i betre form og er meir opplagt til å ta til seg kunnskap gjennom heile skuledagen.

– Vi ønskjer at barn sjølve skal få vere med å bestemme korleis dei ønskjer å ta fatt på skulevegen. Slik kan dei vere med på å påverke vaksne til å gjere gode miljøval, seier Hanna Hågensen Aasen, kommunikasjonsansvarleg i Miljøagentane.

– Det kan verke enkelt å svippe barna innom skulen med bil, og du tenkjer kanskje ikkje vidare over det. Beintøft synleggjer eit større perspektiv: Når 30.000 foreldre lar bilen stå, blir resultata betydelege. I fjor sparte vi jorda for 96.700 kilo CO2, seier Hanna Hågensen Aasen.

Går og syklar til månen og tilbake

I fjor gjekk 26.000 elevar 727.000 kilometer. I år en målet å gå og sykle tilsvarande distanse som til månen og tilbake – i overkant av 800.000 kilometer.

På ferda til månen skal elevane gjennom fire vekesoppdrag med ulike tema: Natur og lokalmiljø, sykkel, klima og verda og lufta vår. Slik får elevane utfordra kreativiteten og samarbeidet i klassen. Temaveka om sykkel arrangerast i samarbeid med Syklistenes Landsforbund.

– Aktiv transport i kvardagen er nøkkelen til eit sunnere Norge, og vi er alle opptatt av å gje barna våre sunne vanar som dei kan ta med seg vidare i livet, seier Morgan Andersson i Syklistenes Landsforening.

På beintøft.no kan ein fortløpande sjå kor langt elevane har gått, og få ei oversikt over kor mye CO2 som er spart ved ikkje å køyre bil til skulen.