Motbakkeløpet Skåla Opp

Johan Olav og Trym imponerte

Unge gutar frå Stårheim og Haugen gjorde det svært godt under årets motbakkeløp, Skåla Opp.

Johan-Olav Smørdal Botn frå Stårheim IL og Trym Dalset Lødøen frå Haugen IL, imponerte under årets Skåla Opp. (Foto: Privat) 

Nyhende

Johan-Olav Smørdal Botn vann si klasse, M18-19, og kom på ein 21. plass samla sett blant herrane med tida 1.24.05, berre 13.55 minutt etter vinnar Stian Angermund-Vik frå Varegg IL i Bergen. Angermund-Vik vann herreklassa med tida 1.10.10.

Trym Dalset Lødøen frå Haugen IL, vart nummer 2 i si klasse, M15-17, med imponerande 1.27.48.

Gode forhold

Johan-Olav fortel om gode løypeforhold  med opphaldsvær og sol på toppen, og han skryter av den flotte, steinlagde løypa.

– Det er første gongen eg er med på Skåla Opp. Eg har tenkt på det i mange år, så det var på tide, seier den veltrena stårheimaren, som til dagleg går siste året på Norges Toppidrettsgymnas (NTG), der han satsar seriøst innan skiskyting.

No om sommaren går det i trening med rulleski, sykling og ein del løping, samt motbakkeløp som Trollenykjen Opp og Hornindal rundt. Han ser på toppturane som god trening.


– Hard treningstur

Johan-Olav karakteriserer turen opp på Skåla i dag som ein ganske hard treningstur.

–  Det var ganske tungt i starten, men det losna då eg kom ut av skogen og fann flyten.  Mot slutten, dei siste 500 meterane, fekk eg litt krampe, men då var det berre å bite tennene saman og ta litt i, seier stårheimaren.


I kvinneklassa var det Karoline Holsen Kyte (24) frå Førde som vann med tida 1.22.39.


Sjå alle resultata her