Stokkenes blir ny redaktør i Fjordabladet

Ingebjørg Nilsen Stokkenes (47) tek over som redaktør og dagleg leiar i Fjordabladet 1. april. 

Nyhende

Styret i AS Fjordabladet L/L har tilsett Ingebjørg Nilsen Stokkenes (47) som redaktør og dagleg leiar. Ho avløyser Tormod Flatebø som etter eige ønskje går av for å halde fram som journalist i Fjordabladet. Dette vil skje frå 1. april 2017.

Stokkenes arbeider i dag som frilansjournalist i eige firma, Nordfjord Media, etter tidlegare å ha vore tilsett som journalist og redaktør i fleire lokalaviser. Gjennom sitt virke som frilansjournalist dei seinare åra har Stokkenes skaffa seg god innsikt i samfunns- og næringsliv i Nordfjord.

Styreleiar Lidvar Flydal seier i ein kommentar at Fjordabladet ved tilsetting av Ingebjørg Nilsen Stokkenes får ein røynd redaksjonell medarbeidar og leiar med god kjennskap til Fjordabladet sitt nedslagsfelt. Det gir eit godt grunnlag – saman med røynde journalistar i Fjordabladet - for å utvikle Fjordabladet sin posisjon vidare, både for papiravisa og for mediehuset sine digitale tilbod.