Dette skriv Vegard Gjerde Buset i NTNUI Volleyball i ein epost til Fjordabladet og viser til at NTNUI Volleyball har funne eigne måtar å løyse konflikta på.

–Trass i steile frontar og skarpe motsetningar har vi i NTNUI Volleyball funne vår eigen måte å løyse konflikta på. Komande tysdag, 21. februar, spelar vårt herrelag i 1.divisjon ein internkamp, vestlendingar mot austlendingar, for å ein gong for alle avgjere kva landsdel som er den dominante i Noreg. Internt i klubben har kampen fått stor merksemd, og rykte om han har også byrja å spreie seg til andre delar av volleyball-Noreg.

–Grunna stor etterspurnad har vi gått med på å streame kampen via Internett. Som eit topplag i 1.divisjon er vi trygge på at kampen også vil halde eit bra nivå volleyballmessig, skriv Vegard Gjerde Buset.

Kort bakgrunn

NTNUI 2 ligg i dag på 4.plass i 1.divisjon, og er med det det 11.beste volleyballaget i Noreg. NTNUI Volleyball er den største klubben på seniornivå i norsk volleyball, med i alt 15 lag og over 200 aktive. Klubben drivast utelukkande på frivillig basis, og har lag på alle nivå frå eliteserie til 3.divisjon. Kampen har sjølvsagt eige Facebook-arrangement, på følgjande link: https://www.facebook.com/events/1675867332713179/