Feira gjennomslag i Vangbergtunnelen

Vegen mellom Olden og Innvik nærmar seg ein flaskehals fattigare med gjennomslaget i Vangbergtunnelen 21. desember.

Leiar i samferdsleutvalet, Noralv Distad, fylkesordførar Jenny Følling og fylkesdirektør for samferdsle, Dina Lefdal deltok på markeringa for gjennomslaget i Vangbergtunnelen.   Foto: Heidi Ravnestad/Statens vegvesen

Nyhende

Fylkesordførar Jenny Følling deltok på markeringa av gjennomslaget. Ho slo fast at det snart vert ein ny kvardag for dei som bur i området.


– I mange år har de som brukar denne vegen levd med ein smal og humpete veg med høge stup mot fjorden og fjellparti med overheng i skråningane over dykk. Det er ingen tvil om at denne vegen, med trafikkgrunnlaget og viktigheita som næringsveg, har vore overmoden for utbetringar. Det har teke tid, det har teke mykje arbeid, men no nærmar vi oss noko, sa Følling.


Ikkje lenger verst i landet

Det har dei siste åra vorte bygd mykje ny veg mellom Olden og Innvik, strekninga som i si tid fekk tittelen «Noregs verste veg». Vangbergtunnelen vert 1,2 kilometer lang og er del av siste etappen før heile vegen er blitt ny, og den gamle tittelen for alvor kan skrotast. Den siste etappen – ny veg og tunnel mellom Ugla og Skarstein – kostar til saman 373 millionar kroner.


– No er det blitt ein veldig flott veg mellom Innvik og Olden. Det neste som står for tur her vil vere tunnel under Utvikfjellet. Den vil tvinge seg fram anten før eller seinare. Det er eg overtydd om, sa fylkesordføraren.

Heile siste del av Olden–Innvik skal stå ferdig sommaren 2018.