Kåseri om Edvard Os

Det vert halde kåseri om den nyleg utgjevne biografien om Edvard Os i Kulturhuset Gamlebanken onsdag kveld.

Bendik Os.  Foto: Pressemelding

Nyhende

Edvard Os sitt barnebarn, Bendik Os, har skrive biografien om sin bestefar. Han var ein stødig, modig, stri og romantisk nordfjording som sette djupe spor der han fór fram, heiter det i ei pressemelding.

  Innan målsak og norskdomsrørsle var Edvard Os godt kjent som den første skrivaren i Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag. Godt kjent vart han også då han som offiser sette si militære karriere på spel og kalla generalane for språksabotørar og «uinntakelige åndelige isterbuker» fordi dei nekta å tillate bruk av nynorsk innan forsvaret.


Sikring av språkarven

Han var den siste norske offiseren som overgav ein norsk kommando til dei tyske okkupasjonsmyndigheitene halvannan månad etter at kapitulasjonen hadde funne stad i juni 1940. Han sat då som sjef for garnisonen i Sør-Varanger. Under vinterkrigen fekk han krigshendingar og flyktningstraum rett i fanget og opplevde sovjetisk angrepskrig på nært hald.

Mest kjent er han for sitt avgjerande bidrag for å få Stortinget til å vedta Lov om målbruk i statstenesta, og dermed legge grunnlaget for sikring av språkarven etter Ivar Aasen.

  I Nordfjordbygdene er han også kjent for sine bygdebøker, ikkje minst for sin revisjon av Aalandsboka om bygdene i Eid og Hornindal.