Alexander Pavelich fekk stipend på 50.000

I ein video kan du sjå reaksjonen til Alexander når han får høyre at han har fått 50.000 kroner i Furorestipend.
Nyhende

Tysdag vart Furorestipendet delt ut til Alexander Pavelich frå Nordfjordeid. I ein videosnutt som ligg ute på Fjordabladet, kan du sjå reaksjonen til Alexander når han får nyheita om at han har fått stipendet.

Juryen håpar å få høyre meir av Pavelich i åra som kjem. Dei syntest det var lett å dele ut dette stipendet til ein person som har vist slik langvarig dedikasjon og lidenskap for musikken gjennom mange år, og som i tillegg er eit stort musikalsk talent.

Den andre som fekk stipend var sykkeltalentet Sedrik Engebø Ullebø. Prisen vart delt ut i Florø tysdag.