"Vi vann"!

Eid superstolt Eid-ordførar Alfred Bjørlo gratulerte Vilde og Anna under arrangementet i Operahuset Nordfjord i går kveld.

Både ordførar Alfred Bjørlo og publikum song med av full hals då Vilde og Anna framførte vinnarmelodien.  

Nyhende


Her kan du lese klipp frå ordførar Alfred Bjørlo sin tale til Vilde Hjelle og Anna Naustdal i Operahuset Nordfjord måndag 7. november 2016:


Kjære Vilde og Anna:

  • På vegne av Eid og heile Nordfjord - og heile Vestlandet: Gratulerer så uendeleg mykje. Vi er veldig, veldig stolte, og veldig, veldig takknemmelege over dei opplevingane de ga oss laurdag kveld.
  • Mange eg har snakka med siste dagane seier ikkje "Dei vann" - eller "Vilde og Anna vann" - dei seier "Vi vann"! Vi føler vi har vore litt med på det alle saman. (og det har vi også - gjennom å stemme! Mange har stemt - og mange har stemt mykje.)
  • De sang dokke inn i hjerta til folk. Ikkje berre på Vestlandet, men over heile landet. Sette ord på noko vi alle har inni oss. Det å høyre til ein stad, det å vere glad i naturen, folka, stemningane vi er vaksne opp med.
    Folk på min alder (altså dei som huskar langt tilbake i forrige årtusen) vi er vant med å seie "Kvar var du då Oddvar Brå brakk staven?". Frå no av seier alle på Eid i staden: "Kvar var du då Vilde og Anna vann MGP Junior?"
    Å vere i Oslo Spektrum laurdag kveld - magisk. Dei 400 små og store eidarane som var så heldige å vere der kjem aldri til å gløyme det.
  • Eg skal få lov å gi dokke ei gåve - frå alle oss som er her i dag.
    Men eg har lyst til å seie ein ting først.  Den viktigaste gåva eg håpar vi kan gi dokke, er ikkje pengar eller ting - men at de alltid har ein stad å kome heim til. Ein stad å vere dokke sjølv. Slik dokke alltid har vore og alltid kjem til å bli. For du er akkurat den same Anna og du er akkurat den same Vilde i dag, inni dokke, som de var FØR de vann MGP Junior.
  • Så eg håpar at de her på Eid skal få lov å vere "berre Anna og Vilde" også. Få kome heim og  vere dokke sjølve. Og vite at vi er uendeleg glad i dokke uansett. Og vi hadde vore akkurat like glade i dokke om de ikkje hadde vunne..
  • Men så skal de få litt meir også. Fordi de har sett Eid, og Nordfjord, og Vestlandet på kartet. De har gitt oss alle ei oppleving og eit minne for livet. No vil vi i Eid, Nordfjord og Vestlandet gi dokke noko tilbake: Nordfjord opplevingar! No skal de få oppleve kva Nordfjord og Vestlandet har å by på!

  • "Opplev Nordfjord 2017" - frå folket på Vestlandet (Sparebanken Vest), folk og bedrifter i Nordfjord (Visit Nordfjord) og oss her i Eid (Eid kommune). 

Innhaldet i pakken er:

  • Eidahjarte-smykke: (frå SpbVest/Eid kommune og BergArt)
  • "Opplevingspakke Loen": Fjellklatring, Via Ferrata (med kyndig guide) og Hoven Loen-gondolbane ned att (frå Visit Nordfjord/Hotel Alexandra)
  • Padlekurs med Gloppen padleklubb (frå SpbVest/Eid kommune og Gloppen Padleklubb)
  • Ridetur på fjordhest - Norsk Fjordhestsenter (frå SpbVest/Eid kommune)
  •  Surfekurs på Stad (frå SpvVest/Eid kommune og Stad Surfing)
  • Årskort Harpefossen (frå SpbVest/Eid kommune)
  • T-skjorter og merch frå Visit Nordfjord
  • Gåvekort Eid kino
  • Fest i Operahuset (frå Spb Vest, Eid kommune, Operahuset)
  • Kvar si velfylte kolonialkorg (frå Rema 1000 Nordfjordeid)
     
  • Så Anna og Vilde  - Gratulerer - frå inst i våre hjarte!