Foajéen var fylt til trengsel av små og store som ville ta del i feiringa, og dei aller heldigaste fekk seg til og med ein autograf av songtalenta som over natta har blitt rikskjendisar.

Jentene vart møtt med korpsmusikk, drilloppvisning og raud løpar opp til scena der det var vill jubel.

Anna og Vilde vart intervjua på direkten, og publikum fekk sjå opptak frå den store happeningen i Oslo Spectrum og gjenoppleve dei kjenslelada minutta og juble saman med vinnarane.

Det vanka fine gåver i form av opplevingar til jentene, og sjølvsagt vart det servert marsipankake og mange fine ord både frå ordførar, fylkesordførar og andre som gratulerte og sola seg i glansen av dei to unge songstjernene frå Eid.

Sjå fleire bilete frå feiringa ved å klikke på pila til høgre. (Foto: Anna Wuttudal)