Frida Melvær og Sven Flo på topp

Denne helga avvikla Sogn og Fjordane Høgre sitt nominasjonsmøte. Nominasjonsmøtet valde Frida Melvær, ordførar i Askvoll og Stryn-ordførar Sven Flo som Sogn og Fjordane Høgre sine listetoppar.

Topp tre på Sogn og Fjordane Høgre liste til Stortingsvalet 2017. Frå venstre: Lise-May Sæle, 3. plass på lista, Sven Flo på 2.plass, og Frida Melvær som er Høgre sin listetopp.   Foto: Ingvar Torsvik Myrvollen

Nyhende

Allereie før nominasjonsmøtet hadde funne plassane sine i møtesalen vart det klart at Bjørn Lødemel, som har to periodar bak seg på Stortinget, ikkje kom til å ta opp kampen mot Frida Melvær, som var nominasjonsnemnda sitt framlegg til listetopp. 

Nordfjord er godt representert på Høgre si liste. Sven Flo, ordførar i Stryn, innehar andreplassen, medan Morten Hagen, tidlegare ordførar i Vågsøy, fekk 4. plassen. Varaordførar i Eid, Eli Førde Aarskog finn vi på 7. plass.

Sogn og Fjordane Høgre si Vallista til Stortingsvalet i 2017

1.  Frida Melvær, Askvoll

2.  Sven Flo, Stryn

3.  Lise-May Sæle, Unge Høgre, Balestrand

4.  Morten A. Hagen, Vågsøy

5.  Anne Lilleaasen, Gaular

6.  Arnt Hovland Munthe, Senior Høgre, Sogndal

7.  Eli R. Førde Aarskog, Eid

8.  Karin Vikane, Sogndal

9.  Anders Kristian Sægrov, Jølster

10. Olve Grotle, Førde