Ny leiar for Harpefossen skisenter

Nils Magne Nedreberg (53) overtek som ny styreleiar for Harpefossen skisenter.

Nils Magne Nedreberg er ny styreleiar og dagleg leiar av Harpefossen skisenter.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

– Det er vel 14 dagar sidan eg vart vald inn som ny styreleiar i Harpefossen skisenter. Eg har sitte i styret der eit års tid, og vart spurt om å ta over då Stein Bjørhovde ønska avløysing. Noko eg takka ja til, fortel Nedreberg.

Han kjem frå Stårheim og er svært engasjert i skiskyttargruppa på Stårheim, og er også leiar for den. Til dagleg jobbar han på Normatic, og seier jobben som dagleg leiar for Harpefossen er ein hobby.

– Det er dugnadsarbeid, og ikkje lønna. I haust jobbar vi med å få på plass ein driftsorganisasjon som skal kunne styre skiheisane og varmestova. Vi har også eit par prosjekt vi vil ha på plass før sesongen startar, mellom anna eit tautrekk frå varmestova opp til energiheisen, og vi vil også flytte billettluka ned i varmestova. Der er også ein del vedlikehaldsarbeid som skal gjerast før kulda kjem, fortel han.

Stein Bjørhovde vil framleis vere engasjert i Harpefossen skisenter, men ikkje dagleg leiar.