Eit kompakt stykke Norge

Den nye Nordfjordprofilen vekte begeistring blant publikum under lanseringa i går.

Den nye Nordfjordprofilen fekk god mottaking i Operahuset i går kveld. Rønnaug Leite og Solgunn Årskog likte godt den fjordinspirerte logoen.  Foto: Anna Wuttudal

Mat er ein viktig del av ei god ferieoppleving, og etter presentasjonen av den nye Nordfjordprofilen fekk publikum ein smak av Nordfjord, i stor grad baset på lokale råvarer og presentert på svært tiltalande vis.   Foto: Anna Wuttudal

Alexander Pavelich i Lovespeake underheldt under lanseringa. Det er han som har laga låten «DNA» til reklamefilmen om Nordfjord.  Foto: Anna Wuttudal

Gjengen som har jobba fram den nye Nordfjordprofilen.  Foto: Anna Wuttudal

– Ein må gå ut og slå på stortromma og vise seg fram, understreka Arne Hjeltnes.   Foto: Anna Wuttudal

Eid barne- og ungdomskor og D-Kor framførte Nordfjordsongen under lanseringa.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

– Veldig bra, var reaksjonen frå Rønnaug Leite i JUV og Solgunn Årskog frå Årskogvika camping.

Dei var godt fornøgde med den nye profilen til Visit Nordfjord, som vart presentert i Operahuset i går kveld.

  Den nye Nordfjord-logoen er inspirert av fjorden som deler seg og skal kunne brukast i kombinasjon med ulike tema.

  Reklamefilmen som skal marknadsføre Nordfjord, viser flott natur og glimt av mykje av det ein kan oppleve her i regionen, til fengande musikk av lokal  låtskrivar og vokalist, Alexander Pavelich i Lovespeake.

  Det Visit Nordfjord no har laga er ei overbygning som viser heilskapen, og som kan brukast i mange ulike samanhengar.


Villast og fagrast 

Nordfjord skal no seljast inn som eit kompakt stykke Norge der det berre er 100 kilometer frå det villaste hav til opp og inn i fjellheimen, og der ein kan få oppleve det meste av det beste som landet har å by på, som vakre fjordbygder, brear og god mat.       

  Både gondolbana til Hoven og Myklebustskipet er med i filmen, og i marknadsføringa er det lagt vekt på dei mange mogelegheitene for aktiv ferie. Reklamefilmen viser folk på tur i det villaste, lengste, høgaste, djupaste, største, tøffaste og fagraste vi har av natur.

  Visit Nordfjord inviterer, ikkje berre reiselivsnæringa, men heile næringslivet til å vere med på laget for å spreie den glade bodskapen, slik at mange ønskjer å kome hit for å oppleve heile regionen frå yst i havet til innerst i fjorden.


Må stå samla

Sverre Søraa frå Coast Seafood AS fortalde under lanseringa om korleis ein i sjømatnæringa har jobba saman for å marknadsføre seg.

  Både Arne Hjeltnes og Søraa understreka betydninga av å stå samla for å vere sterke nok til å nå ut med informasjon om alle dei gode kvalitetane vi har her i regionen.

  Sjømatnæringa har hatt suksess med felles marknadsføring, og den same strategien skal hjelpe reiselivsnæringa.

  Hjeltnes sa at Nordfjord er for lite kjend. For mange er Nordfjord berre ein stad dei er innom på veg til Geiranger eller Sognefjorden, og somme trur at Nordfjord ligg i Nord-Norge.


Slå på stortromma

Og så må ein ikkje vere for beskjeden, men tørre å stå fram og slå seg litt på brystet og skryte av det ein har å tilby.

 – Ein må våge å gå ut og slå på stortromma og vise seg fram. No er det laga ein flott ny profil. Den må brukast og spreiast. Alle må slå ring om den om det skal bli ein suksess, understreka Hjeltnes; for som han sa:

–  Nordfjord er bitte lite, og verda er veldig stor. Det er eigentleg flest folk i verda som ikkje kjem frå Nordfjord.