Volda kommune gjekk først inn med 300.000 kroner i aksjekapital, og ved nyteikning har selskapet fått inn ytterlegare 664.000 kroner. I tillegg kjem 100.000 kroner i prosjektmidlar frå Sparebanken Møre og lovnad om midlar frå Marine Harvest ASA.

–  Interessa har vore over all forventning, fortel Odd A. Folkestad til avisa Møre.

Kommunane Eid og Gloppen har teikna aksjar for 50.000 kroner kvar. Andre naboar som Ørsta, Hornindal og Vanylven er ikkje på lista over dei som til no er aksjonærar i Voldsfjordkryssing AS.