Den 4. november kan du sjå Hanne Boel i Operahuset.

Det var den soulprega musikken Hanne Boel presenterte i 1988, som for alvor fekk fart på ei imponerende karriere. Utgjevinga av ”Black Wolf” blei ein enorm suksess, og ho har sidan toppa hitlistene i heile Skandinavia. Så langt har Hanne Boel gitt ut 15 album som har selt meir enn ein million eksemplar, og ho har gjort fleire tusen konsertar rundt omkring i heile Europa.

På denne konserten er programmet spekka med musikken som gjorde ho til allemannseige, det vil seie med låtar som ”Don’t Know Much About Love”, ”Black Wolf”, ”Talk It Out”, ”(I Wanna) Make Love To You” og ”Light In Your Heart”.

Det er likevel ikkje ei nostalgisk reise: Hanne Boel gjer nye tolkingar av låtane og kombinerer det med andre sine songar som står hennar hjarte nært, framført på ein måte som Hanne Boel sine mange fans vil nikke gjenkjennande til. Det er soul, det er blues, det er jazz – det er rett og slett Hanne Boel. Ganske enkelt!

Hanne Boel har samla eit lag med musikarar som utgjer eit fabelaktig band: Krister Jonsson og Rune Kjeldsen på gitarar, Thomas Vang på bass og Mads Forsby på trommer.

Hanne Boel, Henrik Thodesen, Margot og Hans-Wilhelm Steinfeld er nokre av dei mange som skal syte for store opplevingar til publikum i Operahuset Nordfjord komande sesong.

Dette melder Operahuset Nordfjord i ei pressemelding.