– For ein fantastisk stad, seier Karianne Gruer Torp frå Jevnaker, rett før separatutstillinga i Gamlebanken opna i dag.

Ho var veldig fornøgd med rammene rundt opninga, der Stårheim songlag varta opp med musikalske innslag.

– Eg har aldri hatt opning av ei utstilling med kor tidlegare, så det er jo stor stas, seier Gruer Torp.

Tåke og lysbrytingar

Ho har tatt turen til Nordfjordeid med mann og to søner, og si beste venninne.

– Dette er min andre tur til Nordfjordeid, og eg skulle gjerne gått i fjella. Naturen er spektakulær, seier Gruer Torp.

Ho har jobba i seks år med kunsten på full tid, men har måla og teikna heile livet.

– Eg er glad i vêr. Tåke og lysbrytingar, opne landskap og fjell. Eg målar mykje frå fjordlandskap, mest frå Steinsfjorden og Tyrifjorden, fortel Gruer Torp.

Fjell og natur

Ho kjem til Nordfjordeid og Gamlebanken med ei separatutstilling på 25 bilete.

– Sidan eg skal til Vestlandet er det mest fjell på dei bileta som eg skal stille ut i Gamlebanken, sa Gruer Torp til Fjordabladet tidlegare denne veka.

Ho har tidlegare hatt mange utstillingar både på Austlandet og i Nord-Norge, men dette er første gong på Vestlandet.

– Då eg var oppover med bileta mine vart eg imponert over naturen og fjella i området. Så kanskje det blir fjell frå Vestlandet også i bilda mine framover, sa kunstmålaren til Fjordabladet før utstillinga.