Over 10 prosent av flyselskapet Deltas tilsette koronasmitta

Rundt 8.000 av dei 75.000 tilsette i det amerikanske flyselskapet Delta fekk påvist koronasmitte dei siste fire vekene.
utenriks

Den raske spreiinga av omikronvarianten påverka Deltas kvartalsresultat i det som normalt ville vore ein hektisk jule- og nyttårssesong, opplyser selskapet.

Delta vart påført tap i siste kvartal, og i ein prognose reknar selskapet med tap også i årets første tre månader som følgje av koronasmitten.

Trafikken blir likevel venta å vere tilbake på normalt nivå i slutten av februar, ifølgje Delta.

Ikkje berre omikronvarianten bidrog til nedgang i passasjertrafikken. Ei rekkje vêrrelaterte episodar i USA medverka òg. Denne kombinasjonen førte til over 20.000 avlyste flygingar mellom julaftan og første veka i januar.

(©NPK)