Energiprisane har ført til den høgaste inflasjonen i Sverige på 15 år

Årsinflasjonen i Sverige var på over 4 prosent i desember. Det er den høgaste inflasjonen sidan sommaren 2008, før finanskrisa braut ut.
utenriks

Det er dei høge prisane på energi som har drive inflasjonen opp, ifølgje Statistiska centralbyrån (SCB).

I november var inflasjonen på 3,6 prosent. Ifølgje prognosane skulle inflasjonen stige til 4 prosent, men enda på 4,1 prosent.

– Det er høgare enn prognosen vår, men omtrent i tråd med marknaden elles, seier Nordeas sjefanalytikar Torbjörn Isaksson til TT.

Fjernar ein energiprisane frå vurderinga fall inflasjonen i desember til 1,7 prosent, mot 1,9 prosent i november. Dette er noko svenske Riksbanken tek omsyn til når styringsretten skal fastsetjast framover.

(©NPK)