Vestlege leiarar: Ukrainas suverenitet må respekterast

Leiarane frå Frankrike, Tyskland, Italia, Storbritannia og USA sa i ein telefonsamtale måndag kveld at Ukrainas suverenitet må respekterast.
utenriks

Leiarane i dei fem landa sa seg fast bestemt på at Ukrainas suverenitet må respekterast, heiter det i ei fråsegn frå Frankrikes president Emmanuel Macrons kontor seint måndag kveld.

– Leiarane gav òg uttrykk for forpliktinga si til å handle for å verne fred og tryggleik i Europa, heiter det vidare i uttalen.

Telefonsamtalen vart halde for at USAs president Joe Biden kunne konsultere og samkøyre bodskapen med sine europeiske allierte før videomøtet på tysdag med Russlands president Vladimir Putin.

Biden og Putin skal mellom anna snakke om situasjonen i Ukraina.

USA og Ukraina skuldar Russland for å planleggje invasjon av Ukraina i nær framtid. Russland nektar for at det finst invasjonsplanar.

(©NPK)