Svensk statsråd hugsar ikkje at ho gjorde hitlerhelsing

Eit gammalt bilete av Sveriges sivilminister Ida Karkiainen der ho ser ut til å gjere ei hitlerhelsing, har dukka opp på nettet. Ho seier at ho ikkje hugsar.
utenriks

– Det florerer eit bilete av meg frå då eg var kanskje 15 eller 16 år der eg gjorde ein gest som kan tolkast som ei nazistisk helsing. Eg hugsar ikkje å ha gjort nokon slik gest, seier ho til SVT.

– Eg skjønner korleis det ser ut, men eg har aldri gjort slikt for å sympatisere med ein så avskyeleg ideologi som nazismen. Det har i så fall vore for å prøve å latterleggjere eller ironisere over det, seier ho.

Biletet vart publisert på Nyheter Idag og skal ha vorte teke på ein fest.

Karkiainen seier vidare at ho aldri har vore i nokon situasjon som vil kunne koplast til kvit makt-miljø.

– Det kan ha vorte spelt Ultima Thüle og den typen musikk i slike samanhengar, men i så fall har eg gått og slått han av og sagt at det ikkje er greitt. Ungdommar lytta på Ultima Thüle på 90-talet. Det var ikkje uvanleg, seier ho.

(©NPK)