Mann skoten og drepen utanfor København

To menn i 20-åra vart natt til tysdag skotne i Herlev i Danmark. Den eine vart drepen, medan den andre er innlagd på sjukehus og utanfor livsfare.
utenriks

Den skadde mannen, som er 25 år gammal, blir behandla for hovudskadar på sjukehuset. Tilstanden hans blir omtalt som stabil.

Politiet fekk melding om hendinga i København-forstaden Herlev i 1-tida natt til tysdag. Hendingsgangen er ukjent, og ingen er førebels arrestert i saka.

Skyteepisoden er den fjerde på mindre enn ei veke i København-området.

Torsdag ettermiddag vart ein mann i midten av 20-åra skoten og drepen ved Nørrebrogade. Fredag vart ein 17 år gammal bulgarsk gut drepen i ein frisørsalong i Rødovre, der også ein 15-årig gut og ein 28-årig mann vart såra.

Laurdag kveld vart ein 39 år gammal mann alvorleg såra av skot på ein vasspipekafé mellom Nørrebro og Frederiksberg.

(©NPK)