Sjefen for EU-kommisjonen: – Må diskutere vaksineplikt

Kommisjonspresident Ursula von der Leyen meiner det er på tide å diskutere vaksineplikt. Hellas vil gi ein tusenlapp i bot til eldre som ikkje vaksinerer seg.
utenriks

Sjefen for EU-kommisjonen understreka onsdag at det er EUs medlemsland som må ta dei endelege avgjerdene. Men samtidig uttrykte ho forståing for at spørsmålet har komme på dagsordenen, gitt at ein tredel av EUs innbyggjarar er uvaksinerte.

– Eg meiner det er forståeleg og rett å ta denne diskusjonen no, sa ho.

Det er medlemslanda sjølv som eventuelt må handheve ei vaksineplikt, og enkelte har allereie teke steg i den retninga, skriv BBC.

Austerrike har varsla innføring av vaksineplikt frå 1. februar.

Spørsmålet blir òg drøfta i Tyskland, og påtroppande statsminister Olaf Scholz har sagt at han vil gjere vaksinasjon obligatorisk frå mars.

Styresmaktene i Hellas sa tysdag at vaksinasjon vil bli obligatorisk for alle over 60 år. Alle som sluntrar unna, vil bøteleggjast med 100 euro i månaden, tilsvarande ein dryg tusenlapp.

(©NPK)