Erdogan byter finansminister medan lira er i fritt fall

Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan har bytt ut finansministeren berre eitt år etter at han vart utnemnd, samtidig som Tyrkia er i økonomisk krise.
utenriks

Finansminister Lutfi Elvan «bad om å bli løyst frå stillinga», og har vorte erstatta av Nureddin Nebati, heiter det frå regjeringshald.

Nebati er tidlegare forretningsmann og folkevald frå Erdogans regjeringsparti AKP. Han er ein av fire som har jobba under Elvan, som erstatta Erdogans svigerson Berat Albayrak i november i fjor.

Elvans tid i embetet har vore kaotisk og prega av kriser. Lira har gått ned 30 prosent mot dollaren på berre ein månad. Inflasjonen i landet nærmar seg 20 prosent.

Tyrkias sentralbank, som på papiret er uavhengig, har kutta styringsrenta tre gonger på mindre enn to månader, etter sterkt press frå Erdogan.

(©NPK)