Ny koronavariant i Sør-Afrika vekkjer bekymring

Ein ny variant av koronaviruset, som får skulda for ei eksplosiv smitteoppblomstring i Sør-Afrika, vekkjer bekymring. WHO skal truleg vurdere den fredag.
utenriks

– Vi har uheldigvis oppdaga ein ny variant som gir grunn til bekymring, opplyste den sørafrikanske virologen Tulio de Oliveira på ein hastig innkalla pressekonferanse torsdag.

– Varianten, som går under nemninga B. 1.1.529, har eit svært høgt tal på mutasjonar. Dette fører dessverre til smitteoppblomstring, sa han.

Det er påvist 22 tilfelle av den nye varianten.

Sør-Afrikas helseminister Joe Phaahla seier den gir grunn til «alvorleg bekymring» fordi den står bak ein «eksepsjonell» auke i talet på nye smittetilfelle.

Smitten har tidobla seg i landet sidan månadsskiftet, til 1.200 nye smittetilfelle onsdag frå 106 tidlegare i november.

Virusvarianten er òg oppdaga i Botswana og Hongkong blant personar som har vore i Sør-Afrika.

WHO undersøkjer

Verdshelseorganisasjonen WHO seier dei «følgjer nøye med» på varianten, og at det blir venta eit møte fredag, der det skal avgjerast om varianten skal klassifiserast som «av interesse» eller «av bekymring».

– Førebelse analysar viser at denne varianten har mange mutasjonar som må og vil bli studert vidare, heiter det i ei fråsegn. Forskarar meiner varianten har minst ti mutasjonar, opp frå to for Delta og tre for Beta.

– Bekymringa er at når du har så mange mutasjonar, så kan det verke inn på korleis viruset oppfører seg, sa Maria Van Kerkhove, som leiger WHOs koronaforsking.

– Det vil ta nokre veker før vi forstår kva slags innverknad denne varianten har på moglege vaksinar, la ho til.

Dei mange mutasjonane gjer det meir komplisert å kjempe mot varianten, ifølgje den sørafrikanske virusforskaren Penny Moore.

– Denne varianten har mange mutasjonar som vi ikkje er kjende med, la ho til.

Børs- og oljeprisnedgang

Dei viktigaste børsane i Asia reagerte dårleg på nyheita. Fredag hadde hovudindeksen Nikkei 225 i Tokyo gått ned 3 prosent rundt lunsjtider, medan den breiare Topix-indeksen òg var nede 2,3 prosent. Hang Seng-indeksen i Hongkong tapte seg vel 2 prosent.

Virusvarianten har ført til frykt for at regjeringane i verda igjen skal innføre restriksjonar på det globale reiselivet, noko som pregar både næringa og oljeprisen. Rundt klokka 5.30 norsk tid fredag var eit fat nordsjøolje ned 2 prosent, medan amerikansk WTI-olje var nede rundt 2,6 prosent.

Det australske flyselskapet Qantas var nede meir enn 5 prosent, medan Hongkong-lista Cathay Pacific tapte meir enn 3 prosent.

Storbritannia og Israel stengjer grensa

Storbritannia opplyste torsdag at dei som følgje av den nye virusvarianten vil nekte innreise for alle som kjem frå seks land i det sørlege Afrika.

Fly frå Sør-Afrika, Namibia, Lesotho, Eswatini, Zimbabwe og Botswana vil frå fredag klokka 12 britisk tid ikkje få lande i Storbritannia, opplyser helseminister Sajid Javid.

Israel har òg omgåande reklassifisert dei same landa, og dessutan Mosambik.

Reisande derfrå får ikkje lengre innreise, medan israelarar som returnerer frå landa må på karantenehotell i opptil fjorten dagar, med moglegheit for å komme ut etter ei veke om dei avlegg ein negativ PCR-test, opplyste kontoret til statsminister Naftali Bennett etter eit møte torsdag.

(©NPK)