Tysk økonomi voks mindre enn venta

Tysklands økonomi voks med 1,7 prosent i tredje kvartal, ifølgje det tyske statistikkbyrået. Det er 0,3 prosentpoeng mindre enn kvartalet før.
utenriks

Talet er dessutan 0,1 prosentpoeng lågare enn spådommen om tredje kvartal som kom førre månad.

På grunn av ei ny koronasmittebølgje i landet blir det venta at veksten vil minke kraftig i fjerde kvartal. Sentralbanken ventar at nye koronarestriksjonar og stor mangel på materiale vil sørgje for at veksten blir flat.

Det er òg no venta at veksten for året samla sett endar på 2,6 prosent, mot tidlegare spådd 3,5 prosent.

(©NPK)