Stansar redningsarbeid på grunn av eksplosjonsfare i kolgruve i Sibir

Minst elleve arbeidarar mista livet og over 40 personar er ikkje gjort greie for etter brann i ei kolgruve i Sibir. No er det òg eksplosjonsfare i gruva.
utenriks

Redningsarbeidet er mellombels stansa på grunn av eksplosjonsfare, opplyser nødetatane på staden.

Ulykka skjedde i kolgruva Listvjazhnaja i Kemerovo-området i nærleiken av byen Belovo torsdag morgon.

– Ifølgje førebelse opplysningar har fleire av arbeidarane vorte røykforgifta, heiter det i ei fråsegn frå russiske styresmakter.

Minst 200 gruvearbeidarar er redda, melde Reuters torsdag morgon. Men minst 45 er skadde og over 40 er ikkje gjort greie for. Det sit framleis folk fast i gruva, ifølgje Russlands nauddepartement.

– Vi får ingen kommunikasjon med dei, seier den lokale guvernøren Sergej Tsivilev.

Han opplyser at 285 personar opphavleg var i gruva.

Årsaka til brannen er ikkje kjend, men styresmaktene omtaler hendinga som ei ulykke.

Gruveulykker er relativt vanlege i Russland og tidlegare sovjetland som følgje av dårleg standard, arbeidsforhold, gammalt utstyr og manglande tryggingstiltak.

(©NPK)