Press mot våpenlover i USA – fleire kan få væpne seg offentleg

Å bere våpen på offentleg stad blir stadig meir akseptert i USA. Ein høgsterettsdom kan opne for at endå fleire kan væpne seg utanfor heimen.
utenriks

Væpna sivile patruljerte på gata utanfor tinghuset i Kenosha i Wisconsin der Kyle Rittenhouse vart frifunne for drap førre veke. Rittenhouse skaut og drap to personar i samband med ein Black Lives Matters-protest i august i fjor og fekk medhald frå retten då han hevda at det skjedde i sjølvforsvar.

Erick Jordan hadde med seg ei rifle og eit handvåpen utanfor tinghuset, og sa han ville verne dei som skulle halde ein pressekonferanse etter dommen. Blant dei var onkelen til Jacob Blake, ein svart mann som vart skoten og alvorleg skadd av kvite politimenn under ein annan demonstrasjon i fjor sommar.

– Eg har ein jobb å gjere – å verne desse menneska. Det er alt, seier Jordan, ifølgje nyheitsbyrået AP.

– Vi er usamde om mangt, men vi kjempar, diskuterer, er samde om å vere usamde og går trygt heim, i live. Det er det som er sjølvforsvar, seier han, som eit svar til dei på høgresida som meiner Rittenhouse vart urettmessig straffeforfølgd.

Rifle og førstehjelpsutstyr

Rittenhouse hadde teke med seg eit halvautomatisk våpen og førstehjelpsutstyr og reist utanbysfrå, ifølgje han sjølv for å verne butikkar og annan eigedom mot plyndringa som fann stad under demonstrasjonane. Han var 17 år då drapa skjedde.

Blant dei som er glade for frifinninga, er Mark McCloskey. Han erklærte seg skuldig i lovbrot etter at han og kona stilte seg opp med våpen utanfor heimen sin i St. Louis i 2020 då Black Lives Matter-protestane gjekk føre seg. No er han kandidat for Republikanarane i delstatsvalet i Missouri.

Dommen mot Rittenhouse viser at folk har rett til å verne seg mot mobben, meiner McCloskey.

Også ei anna rettssak kastar lys over utviklinga. I saka er tre menn dømde for å ha skote og drepe Ahmaud Arbery, ein 25 år gammal svart mann, i Georgia. Vitnemåla i saka tyder på at det er vanleg med væpna sivile patruljar i nabolaget der drapet skjedde.

Grunnlovfesta

Retten til å eige våpen er grunnlovfesta i USA, og det er vid tilgang til å eige våpen til bruk på jakt, i skytesport eller til å forsvare seg. Domsavgjerder har lagt avgrensingar som skal verne folk mot vald.

No er balansen mellom desse omsyna i ferd med å flytte på seg. Over heile landet blir det meir godteke at folk ber våpen offentleg, anten ope eller skjult, avhengig av delstatslovgivinga. Det skjer samtidig med at landet opplever aukande politisk splitting og konfliktar mellom ulike folkegrupper.

«Stand your ground»

Fleire delstatar er i ferd med å endre lovgivinga. Seks delstatar har i år fjerna krav om at ein må ha eit eige løyve for å bere våpen offentleg, ifølgje Giffords Law Center to Prevent Gun Violence. 30 delstatar har innført lover som inneber at ein kan opne eld i staden for å søkje vern – òg omtalt som «stand your ground».

Samtidig aukar våpensalet – og talet på skyteepisodar. Nesten 18.500 menneske har vorte drepne, mista livet som følgje av uhell med skytevåpen eller i sjølvforsvar i USA hittil i år, ifølgje nettsida Gun Violence Archive. I fjor enda talet på 19.411 og året før var det 15.4448, ifølgje oversikta.

Fryktar våpendom i Høgsterett

No er New Yorks våpenlov, som er blant dei strengaste i landet, til behandling i den øvste domstolen i landet og fleire fryktar at fleire delstatar kan bli tvinga til å liberalisere reglane.

Lova seier at ein person kan få løyve til å bere våpen på offentleg stad dersom han kan vise til eit faktisk behov for å ha våpenet. Våpenet skal vere skjult, ikkje synleg.

Den påtroppande New York-ordføraren Eric Adams, som tilhøyrer det demokratiske partiet, fryktar konsekvensane dersom delstaten taper. Ei oppskrift på katastrofe, ifølgje han. Han spår at det vil føre til fleire skyteepisodar

– Vi treng færre menneske med våpen, ikkje fleire, konstaterer han, ifølgje The New York Times.

Tilhengjarane av meir liberale våpenlover i New York hevdar det framleis vil vere uvanleg med væpna konfrontasjonar.

Men det er òg tendensar i retning av innstrammingar i USA. Det skjer etter storminga av Capitol Hill i Washington i januar i år og etter at FBI i fjor avslørte planar om å storme hovudsetet til delstatsstyresmaktene i Michigan.

Fleire statar, som Michigan og New Mexico forbaud våpen ved hovudkvartera til delstatsstyresmaktene, og Montana og Utah har òg stramma inn reglane for å bere våpen på offentlege stader.





(©NPK)