Klimautsleppa fall i Kina

CO2-utsleppa i utsleppsgiganten Kina gjekk ned i tredje kvartal, ifølgje tankesmia Crea.
utenriks

Samanlikna med same periode i fjor var nedgangen på 0,5 prosent, opplyser Centre for Research on Energy and Clean Air (Crea).

Dette var det første utsleppsfallet sidan økonomien tok seg opp igjen etter krisa i starten av pandemien. I etterkant av krisa har utsleppa stige raskt til eit høgare nivå enn i 2019.

Høge kolprisar og energikrise har bidrege til at utviklinga no tilsynelatande har snudd igjen. Crea meiner det er mogleg at endringa markerer eit større skifte og at det kinesiske utsleppet ikkje kjem til å stige vidare frå det noverande nivået.

(©NPK)