Bilbombe drap åtte personar i Somalias hovudstad

Åtte personar omkom og 17 personar vart såra etter at ei bilbombe ramma Somalias hovudstad Mogadishu midt i rushtida torsdag morgon.
utenriks

13 av dei 17 skadde er barn, ifølgje CNN.

– Vi veit ikkje kva målet bak angrepet var, seier tryggingstenestemann Mohamed Abdillahi til nyheitsbyrået AFP.

Eksplosjonen skjedde midt i byen og var så kraftig at delar av ein skule og eit sjukehus kollapsa.

Ekstremistgruppa Al-Shabab seier i ei fråsegn på radiokanalen sin at dei tek ansvar for eksplosjonen, og at målet deira var vestlege tryggingsfolk i byen, som fekk vern frå fredsbevarande styrkar frå Den afrikanske unionen (AU).

Al-Shabab har i årevis kjempa mot Somalias regjering for å prøve å overta makta i regjeringa og innføre islamistisk lovgiving i Somalia.

(©NPK)