Økonomisk krise i Tyrkia: Innbyggjarane blir bedne om å spare både mat og straum

Et mindre, skru ned varmen. Det er blant råda tyrkiske styresmakter gir innbyggjarane sine som følgje av den økonomiske krisa landet no opplever.
utenriks

– Kvar dag spør vi oss: Korleis skal eg klare å betale leiga, korleis skal eg klare meg til slutten av månaden, kva kjem ting til å koste på supermarknaden i morgon, seier læraren Ayse Demirel til nyheitsbyrået AFP.

– Dette tenkjer vi på heile tida, og det er veldig tungt, seier ho.

Den tyrkiske liraen stupte til rekordlåge nivå denne veka etter at president Recep Tayyip Erdogan heldt fast ved at rentekutt var nødvendig.

Sidan byrjinga av 2021 har den tyrkiske liraen tapt over ein firedel av sin verdi. Trass i auka inflasjon har likevel Erdogan pressa sentralbanken til rentekutt.

Liraen opplevde eit fall tysdag på heile 15 prosent før han henta seg litt inn igjen. Det vil seie at ein fekk ein dollar for 13,5 lirt. Til samanlikning kosta ein dollar 7,4 lirte på byrjinga av året – og 3,5 lirte i 2017.

Uortodoks rentepolitikk

Erdogan er berykta for si uortodokse tru på at høge renter gjev inflasjon – i staden for å verke dempande. Slik økonomar flest meiner.

I vår fekk dåverande sentralbanksjef Naci Agbal sparken, truleg på grunn av rentepolitikken. Han fekk sparken like etter ei stor renteoppjustering på 2 prosentpoeng.

No har Tyrkias sentralbank bøygd av for presset frå Erdogan og kutta renta for tredje månad på rad.

Sentralbanken kutta styringsrenta frå 16 til 15 prosent trass i stigande inflasjon og ein raskt fallande valuta.

Mindre pengar å rutte med

Befolkninga merkar krisa på kroppen. Folks minimum netto månadslønn hadde ein verdi på rundt 3.392 kroner i januar. Tysdag sokk verdien til cirka 2.000 kroner.

Erdogan forsvarte den gjeldande politikken i ein tale til nasjonen måndag.

– Vi ser spelet som går føre seg om valuta, renter og prisaukar … og vil vise vår vilje til å halde fram med vårt eige spel, sa han.

– Vi skal gå sigrande ut av denne krigen som blir utkjempa for vårt økonomisk sjølvstende – ved hjelp av Allah og folket vårt, la Erdogan til.

– Vis sparsemd

Styresmaktene har komme med fleire råd til befolkninga for å komme seg gjennom krisa. Nestleiar i regjeringspartiet AKP, Zulfu Demirbag, bad like godt folk om å ete mindre av både kjøtt og grønt.

– Vi bør ete ein halv kilo kjøt i månaden i staden for éin eller to kilo, sa Zulfu Demirbag frå regjeringspartiet AKP i ei videomelding til veljarkrinsen sin denne veka.

– Og vi kan kjøpe to tomatar i staden for å kjøpe to kilo, la han til.

Demirbag er ikkje den einaste som oppmodar til sparsemd.

Energiminister Fatih Donmez oppmoda tidlegare denne månaden hushald til å skru ned varmeomnane sine som svar på stigande gassprisar.

Og allereie i juni tilrådde førstedame Emine Erdogan innbyggjarane å redusere storleiken på matporsjonar – for å unngå overforbruk og matavfall.

Populariteten har stupt

Krisa og råda om sparsemd har ikkje falle i god jord blant befolkninga.

Erdogans popularitet har stupt til det lågaste nokosinne.

Onsdag greip politiet inn for å stanse ein demonstrasjon mot den økonomiske politikken til regjeringa i Istanbul. Rundt 250 demonstrantar møtte opp i Kadikoy-distriktet på den asiatiske sida av byen. Blant slagorda var «Regjeringen må gå av» og «Vi får ikke endene til å møtes».

Emirata trår til

Også i Ankara var det ein mindre demonstrasjon. Same dag fekk Erdogan storfint besøk frå Emirata i presidentpalasset. Abu Dhabis mektige kronprins Mohamed bin Zayed kom med løfte om investeringar på 10 milliardar dollar i Tyrkia.

Storpolitisk usemje har lenge prega eit turbulent forhold mellom dei to landa, men stridsøksa vart gravlagd.

Mange investorar har vore skeptiske til Erdogans uortodokse syn på renter, og hittil i år har valutaen stupt 40 prosent mot dollaren. Onsdag steig liraen med 5 prosent etter Emiratas løfte om brei støtte til den tyrkiske økonomien.

Skuldingar om hykleri

Oppmodingane om å vere sparsame har den siste tida ført til rasande kommentarar i Tyrkia om leiarars hykleri.

Talsmann for opposisjonspartiet Det republikanske folkepartiet (CHP) Faik Öztrak kritiserer Demirbag for å håne dei økonomiske vanskane folk står overfor.

– Ha medkjensle! Folk kan ikkje eingong kjøpe brød eller grønsaker, uttalte Öztrak til nettavisa duvarenglish tysdag.

Han meiner at råda viser at leiarane både har mista skamkjensla og er ein hån mot folk.

Krisa har då også teke hardt på den vanlege tyrkaren. Mange viser sitt raseri og frustrasjon over aukande matvareprisar i sosiale medium.






(©NPK)