Milliardbot til Amazon og Apple i Italia

Italias konkurransetilsyn har gitt Amazon og Apple bøter på til saman 200 millionar euro.
utenriks

Det utgjer omtrent 2 milliardar kroner. Bøtene har dei fått på grunn det konkurransetilsynet meiner er eit forsøk på å hindre vidaresal av Apple-produkt.

Apple får ei bot på 134,5 millionar euro, medan Amazons bot er på 68,7 millionar.

Ifølgje konkurransetilsynet har selskapa nekta folk å selje Apple- og Beats-produkt via Amazons nettbutikk i Italia.

(©NPK)