Apple saksøkjer NSO Group

Den amerikanske IT-giganten Apple har saksøkt produsenten av spionprogrammet Pegasus og krev at det israelske selskapet NSO blir stilt til ansvar.
utenriks

Apple opplyser at dei saksøkjer NSO Group for overvaking av brukarar av Apples einingar.

– For å ytterlegare forhindre misbruk og skade på brukarane sine, krev Apple òg eit permanent pålegg om å forby NSO Group å bruke noko av Apples programvare, teneste eller utstyr, heiter det i ei fråsegn frå Apple der søksmålet blir kunngjort tysdag.

(©NPK)