Livstidsdømt frå HBO-serie sikta for drap på kona

Eigedomsarvingen Robert Durst (78), kjent frå HBO-dokumentaren «The Jinx», er sikta for å ha drepe kona si. Han vart nyleg dømd til livstid for eit anna drap.
utenriks

Drapssiktinga vart levert inn til ein domstol i Lewisboro i New York tysdag, stadfestar styresmaktene fredag.

Kathleen Durst var 29 år gammal då ho forsvann i januar 1982. Liket vart aldri funne. Mannen Robert Durst vart førre veke dømt for å ha drepe venninna Susan Berman, som ifølgje påtalemakta hjelpte han å skjule drapet på kona.

Ifølgje påtalemakta i Los Angeles skaut han Berman i 2000 då ho skulle til å tilstå rolla si. Politiet har fleire gonger prøvd å komme til botnen i forsvinninga av kona, men Durst har ikkje vorte sikta i saka før no.

Durst har heile tida sagt han er uskuldig.

(©NPK)