India feirar 1 milliard vaksinedosar

India sette torsdag vaksinedose nummer 1 milliard, opplyser helsedepartementet i landet.
utenriks

Rundt tre firedelar av dei vaksne i landet, der det bur 1,3 milliardar menneske, har fått éin dose med koronavaksine. Rundt 30 prosent er fullvaksinert, ifølgje tal frå regjeringa i New Delhi.

For eit halvt års tid sidan var Indias helsevesen på randa til samanbrotet som følgje av ein kraftig auke i koronasmitte.

Sidan utvida styresmaktene perioden mellom første og andre dose, frå 12 til 16 veker. Det skjedde i ei tid då leveransane av vaksinar var avgrensa, og smittetala aukande.

No har styresmaktene sagt at dei vil prioritere å auke delen fullvaksinerte.

(©NPK)