Høgaste smittetal i New Zealand til no

New Zealand har for første gong sidan koronapandemien braut ut, registrert eit tresifra tal smitta på eitt døgn.
utenriks

102 nye smittetilfelle vart registrerte torsdag, opplyste visestatsminister Grant Robertson på ein pressekonferanse.

Det tidlegare høgaste talet var 94 tilfelle, som vart registrert tysdag og som til då var det høgaste døgntalet sidan april 2020.

Torsdag peika seg òg ut som den hittil verste dagen for koronarelaterte sjukehusinnleggingar, med 46 pasientar.

Den største byen i landet har vore underlagd strenge restriksjonar sidan eitt enkelt smittetilfelle vart påvist 18. august. Sidan har talet stige til 2.260 tilfelle.

(©NPK)