Volvo Cars på børs 28. oktober

Volvo Cars blir børsnotert 28. oktober, og verdien er venta å bli opp mot 200 milliardar kroner.
utenriks

I ei pressemelding frå bedrifta heiter det at aksjen vil liggje på mellom 53 og 68 kroner, som gir ein totalverdi på mellom 163 og 200 milliardar.

Volvo Cars stadfestar at det blir gjort ein nyemisjon på 25 milliardar kroner i samband med introduksjonen på Stockholmsbørsen.

Volvo vart kjøpt opp av Zhejiang Geely Holding i 2010, og det heileigde dotterselskapet Geely Sweden skal halde fram som den største aksjonæren i Volvo Cars.

Etter notering vil altså Volvo Cars framleis ha kinesisk hovudeigar.

– Hovudeigaren vår er ein kinesisk privatperson som har støtta Volvos utvikling så langt, og eg er overtydd om at det vil vere tilfellet òg i framtida, seier administrerande direktør Håkan Samuelsson.

Han viser til at Volvo alltid har vore eit globalt selskap som sel bilar over heile verda.

– Det er naturleg at vi eigarmessig òg no blir meir globale. Men den største aksjeeigaren kjem framleis til å vere ein kinesisk privatperson, seier Samuelsson.

I børsprospektet viser Volvo til ein auke i salet på 18 prosent i dei ni første månadane i år. I tal betyr dette 530.649 selde bilar. I åra under Geelys eigarskap har Volvo dobla bilsalet sitt.

(©NPK)