Russland stengjer Nato-kontoret i Brussel

Russland legg mellombels ned arbeidet ved den faste delegasjonen til Nato, opplyser utanriksminister Sergej Lavrov.
utenriks

Lavrov seier måndag at avgjerda er Russlands svar på Nato utvising av åtte medlemmer av den russiske delegasjonen til forsvarsalliansen. Dei åtte var etterretningsoffiserar, hevdar Nato.

Lavrov seier vidare at Russland stengjer både informasjonskontoret sitt og den faste delegasjonen til Nato.

I tillegg til å trekkje akkrediteringa for dei åtte russarane, reduserte Nato 6. oktober talet på stillingar som Russland kan få akkreditering for i Nato, til ti. Til no har talet vore 20.