Malala med krav til Taliban i ope brev

Tidlegare fredsprisvinnar Malala Yousafzai har sendt brev til Taliban der ho ber dei la jenter få returnere til skulen.
utenriks

– Til Taliban-styresmaktene. Reverser de facto-forbodet mot jenters utdanning, og opne ungdomsskulane omgåande, skriv Malala saman med fleire afghanske kvinneaktivistar i eit ope brev.

Eit krav med over 640.000 signaturar følgde òg med brevet

Malala oppmodar òg leiarar for muslimske nasjonar til å gjere det klart for Taliban at «religion ikke rettferdiggjør det å hindre jenter fra å gå på skole».

Førre månad vart det klart at Taliban ekskluderer jenter frå å returnere til skulebenken på ubestemt tid. Det har ført til kraftig kritikk internasjonalt, men lite har vorte gjort.

I 2012 vart Malala skoten i hovudet av Taliban på ein skulebuss. Ho er internasjonalt kjent for arbeidet sitt for jenters rett til utdanning.

(©NPK)