Etiopia: Melding om luftangrep mot Mekele er blank løgn

Hovudstaden til Tigray-regionen Mekele er ramma av etiopiske flyangrep, opplyser augnevitne. Etiopia avviser meldingane.
utenriks

Minst tre personar er ifølgje augnevitne drepne. Det kan bety at krigen brått er tilbake i byen etter fleire månader med ro. Men Etiopias regjering seier at meldingane ikkje stemmer.

– Det er ingen grunn, og heller ingen plan om å angripe sivile i Mekele, som er ein del av Etiopia og heimen til våre eigne borgarar. Dette er rein løgn, seier sjefen for kommunikasjonstenesta til regjeringa, Legesse Tulu, måndag.

Luftangrepa blir mellom anna stadfesta av to hjelpearbeidarar, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Roleg sidan juni

Nyleg vart det meldt at den etiopiske regjeringshæren har sett i verk ein ny offensiv mot Amhara-regionen, som grensar mot Tigray, men dette er heller ikkje stadfesta av regjeringa i Addis Abeba.

Mekele vart innteken av regjeringshæren i ein offensiv i fjor haust, men vart i sommar teken tilbake av Tigrayfolkets frigjeringshær (TPLF).

Sidan regjeringshæren trekte seg ut av Mekele i slutten av juni, har det vore roleg i provinshovudstaden, som har cirka 250.000 innbyggjarar. Men den etiopiske regjeringa har samtidig oppmoda alle innbyggjarane i provinsen til å slå tilbake mot Tigray-krigarar.

Frå krangel til krig

TPLF var den dominerande gruppa i etiopisk politikk i 27 år, men mista innverknad då Abiy Ahmed vart statsminister. Gruppa trekte seg ut av regjeringssamarbeidet, og det som i byrjinga stod fram som ein politisk disputt, har etter kvart utvikla seg til ein krig som har kravd fleire tusen liv.

Talspersonar for statsministeren og militæret har førebels ikkje kommentert meldingane om flyangrepa mot Mekele, og talet på offer er ikkje stadfesta.

– Tre barn drepne

Ein ikkje namngitt innbyggjar seier at det første luftangrepet ramma rett utanfor byen, og at tre barn frå ein og same familie vart drepne. Personen seier at minst sju andre vart såra i det andre angrepet, som også skal ha gjort store skadar på eit hotell.

Kommunikasjonslinjene er nede både i Tigray-regionen og naboregionane Ahmara og Afar, noko som gjer det vanskeleg å få tilgang på informasjon.

Både FN, USA, EU og andre afrikanske land har lenge bede om våpenkvile og humanitær tilgang til den hardt prøvde lokalbefolkninga i Tigray.

(©NPK)