Colin Powell er død

USAs tidlegare utanriksminister Colin Powell er død av komplikasjonar knytt til covid-19, opplyser familien hans. Han vart 84 år gammal.
utenriks

Powell var utanriksminister under president George W. Bush frå januar 2001 til januar 2005. Før dette var han USAs forsvarssjef (1989-1993).

Han vart rekna for å vere ein moderat politikar samanlikna med fleire andre medlemmer av Bush-administrasjonen.