Store demonstrasjonar til støtte for Georgias ekspresident

Titusenvis av georgiarar samla seg torsdag i hovudstaden for å krevje lauslating av den fengsla ekspresidenten og opposisjonsleiaren Mikheil Saakashvili.
utenriks

Viftande med det georgiske flagget demonstrerte folk ved fridomstorget i Tbilisi. Ifølgje AFP deltok fleire enn 50.000 menneske. Politi var på plass utanfor parlamentsbygningen i forkant av protestane.

Saakasjvilis advokat Nika Gvaramia las opp ein appell frå ekspresidenten til folkemengda.

– Georgia må gå tilbake til den vestlege tilnærminga si og bli eit fyrtårn for demokrati, reformer og utvikling, stod det i brevet, ifølgje AFP.

– Det er på tide å redde Georgia gjennom den nasjonale eininga vår og forsoning, heiter det vidare.

Saakasjvili var Georgias president frå 2004 til 2013. Han vart arrestert og fengsla i byrjinga av oktober då han kom tilbake frå eksilet sitt i Ukraina.

Den 53 år gamle grunnleggjaren av Georgias viktigaste opposisjonsparti sveltestreikar no i fengselet. Legar har uttrykt uro for at helsa hans blir forverra.

I 2018 vart Saakasjvili dømd til seks års fengsel in absentia for maktmisbruk medan han var president. Han avviser skuldingane og meiner dei er politisk motiverte.



(©NPK)