Koronapandemien herjar som aldri før i Russland

Pandemien fortset med uforminska styrke i Russland, med nær tusen nye dødsfall dagleg. Utbreidd vaksinemotstand må ta skulda for utviklinga.
utenriks

Tysdag denne veka vart det frå offisielt hald oppgitt 973 døde av covid-19. Det var fem fleire enn førre laurdag og litt over hundre fleire enn gjennomsnittet i september.

Så seint som i juli, då spreiinga av delta-varianten eskalerte, var det rundt 750 dødsfall om dagen. Det var rekord den gongen.

Låg oppslutning

Framleis er det låg vaksineoppslutning blant russarar, og dermed er det òg få utsikter til lysare tider.

Fredag førre veke ​​hadde nesten ein tredel av alle vaksne, 47,8 millionar, fått éin vaksinedose. Det betyr at berre 29 prosent av befolkningane er fullvaksinerte.

– Vaksinasjonsgrada er for låg, utilgiveleg låg, fastslår president Vladimir Putins talsmann Dmitrij Peskov.

– Det er grunnen til at vi har så høge dødstal. Vi prøver å nytte alle høve til å oppmode alle innbyggjarane til å ta vaksinen, legg han til.

Sjukehus under press

Talet på smittetilfelle stig derfor naturleg nok òg. Det blir no registrert over 28.000 nye tilfelle kvar dag. Smitten legg eit stort press på sjukehuset i landet. Peskov fortel at fleire av sjukehusa nærmar seg overbelastning.

Helseminister Mikhail Murasjko opplyser at 11 prosent av alle som er innlagde på sjukehus, er koronasjuke og at tilstanden deira er alvorleg eller veldig alvorleg.

Totalt har litt over 7,8 millionar russarar vore stadfesta smitta og 218.000 har døydd. I motsetning til fleire andre land, blir berre dei som har døydd som eit direkte resultat av viruset talde.

Det russiske statistikkbyrået Rosstat oppgir at dødstalet er nær det dobbelte om ein tel med dei tilfella der korona ikkje var den einaste dødsårsaka.

I absolutte tal er Russland det fjerde hardast ramma landet i verda – etter USA, Brasil og India.

Lokalt ansvar

Trass i dei høge tala og den negative utviklinga, er det ikkje snakk om å stengje landet ned på nasjonalt plan. Styresmaktene i Kreml meiner at ansvaret må liggje lokalt.

Peskov seier at det heller ikkje er snakk om å bøteleggje dei som ikkje vil la seg vaksinere.

I nokre regionar er det innført restriksjonar på store offentlege arrangement. Og nokre stader er det berre fullvaksinerte som får gå på kino, teater eller ete på restaurantar.

Men i storbyar som Moskva og St. Petersburg går livet nesten som før pandemien. Det er òg svært vanleg å sjå folk utan munnbind, sjølv om det finst reglar for munnbindbruk, rapporterer nyheitsbyrået AP.

Putin hosta

I september gjekk alarmen etter at fleire titals personar i president Putins indre krins hadde testa positivt for covid-19. Putin, som sjølv har teke den russiske Sputnik-vaksinen, gjekk i isolasjon i to veker, og skal ikkje ha vorte smitta.

– Eg håpar det vil vise seg at Sputnik V har eit høgt vernenivå, uttalte han då smitten rundt han vart kjend.

Han rosa då også vaksinen i etterkant, og sa at han hadde jobba tett med personar som var smitta – utan å ha vorte påverka sjølv.

Då Putin fleire gonger hosta under eit videomøte med fleire politikarar måndag vart det stilte spørsmål om helsa. Han forsikra igjen at han hadde det bra og at han ikkje var smitta.

– Det er ikkje noko problem. Eg blir testa nesten kvar dag – og ikkje berre for covid-19. Det var rett og slett kaldt ute og eg hadde vore litt for aktiv, svarte 69 år gamle Putin.



(©NPK)