Høgaste daglege smittetal i australsk delstat

Den australske delstaten Victoria registrerte torsdag 2.297 nye koronatilfelle. Det er det høgaste daglege smittetalet for nokon av delstatane i landet til no.
utenriks

Det er òg over 700 fleire smittetilfelle enn dagen før i Victoria, opplyste styresmaktene i delstaten torsdag morgon.

Vidare vart elleve koronarelaterte dødsfall registrerte siste døgn.

I delstatshovudstaden Melbourne og i ulike andre delar av delstaten har det i fleire veker vore strenge koronatiltak der folk har måtta halde seg heime. Melbourne er no inne i den sjette nedstenginga si.

61,5 prosent av innbyggjarane i delstaten er fullt vaksinerte. Styresmaktene skal byrje å fjerne restriksjonane for den vaksinerte delen av befolkninga når 70-prosentgrensa er nådd.

På landsbasis er i overkant av 65 prosent av alle over 16 år fullvaksinerte.

(©NPK)