Frykt for ny smittebølgje i Nederland

Regjeringa i Nederland er bekymra over at ei ny koronasmittebølgje kan vere på veg. Den siste veka har talet på smittetilfelle auka kraftig.
utenriks

Talet på smittetilfelle er no 62 prosent høgare enn dei var førre veke. Dette er den største auken sidan midten av juli, ifølgje helsestyresmaktene i landet.

Onsdag vart det registrert 3.746 nye smittetilfelle, nesten det dobbelte frå førre onsdag.

Talet på sjukehusinnleggingar har òg stige betydeleg den siste veka.

Dei fleste smittetilfella er påviste i dei store byane, men smitteraten er òg høg i eit område av landet som blir kalla bibelbeltet.

Vaksinasjonsraten blant dei vaksne i landet er på 83 prosent, medan han er på 68 prosent for befolkninga samla sett.

(©NPK)