Fleire blir evakuerte frå lavaen på La Palma

300 menneske til må evakuerast frå heimane sine på La Palma på grunn av tyntflytande og raske lavastraumar, seier lokale styresmakter torsdag.
utenriks

Totalt er fleire enn 7.000 menneske evakuerte frå det pågåande vulkanutbrotet på øya, ifølgje den spanske kringkastaren RTVE.

Lavastraumane er no endå varmare enn før, på rundt 1.200 grader celsius. Den er òg tynnare og flyt dermed fortare.

I tillegg har 100 fleire jordskjelv i ulik styrke vorte registrerte. Det kraftigaste hadde ein styrke på 4,5. Så langt har 1.548 bygningar vorte øydelagde.

Utbrotet i vulkanen Cumbre Vieja starta 19. september.

(©NPK)